Kulturhelga Havglimt 2023
25.–27. august på Rangøya
Eit par mil vestover, litt nord, og utover, ligg Rangøya – ei lita øybygd under himmelkvelvingen. Vel, kanskje ikkje akkurat som Flåklypa, men med sine Reodor Felgenar, Solanar og Ludvigar – og når det trengst, eit heilt orkester. Men kanskje dei spelar på båtmotorar? Medan gjestane syng, viser fram kunst og spelar på lutt?
Vi lever ved og med havet, og det pregar oss som bur her. Havet har også alltid sett oss i samband med andre, både i auster- og vesterveg. Kulturhelga feirar alt som vi er og har, våre ulike evner og interesser og kontaktar. Den planlagde Kulturhelga i 2020 var stansa av pandemien. I år kjem vi sterkare tilbake. Som startskot for heile Framsnakkingsfestivalen i Averøy, blir Kulturhelga Havglimt 2023 denne gongen ein del av noko større.
Kulturhelg sidan 2016
Velforeninga Havglimt vart stifta i 2009 og har i tillegg til andre velforeiningsfunksjonar hatt ei mangfaldig kulturell verksemd på grendahuset Løa på Rangøya. Kulturhelga Havglimt vart første gong gjennomført i 2016 og andre gong i 2018. Programmet har vore rikt og samansett: føredrag, utstillingar, poesikonsertar, forteljarkveldar og aktivitetar for store og små – lokale krefter og langvegsfarande gjester med to fellesnemnarar: kystkultur og lokal forankring.
Utstillingar, visesong og aktivitetar
Ballet blir opna fredag av ordførar Ingrid Ovidie Rangønes, med kulturinnslag og utstillingsopning, følgt av nordnordsk visekveld med Tone og Lars Olav Leithaug. Så går det slag i slag, med program, kiosk, vaffelsal og utstillingar. På Løa blir det salsutstilling av måleria til Marit Rangøy Fladset: «Disse malerier er til minne om …». Kunstnaren, grafikaren og multitalentet Asko Künnap frå Estland vil stille ut sine bilete under tittelen «Min indre skjergard». Ute demonstrerer våre eigne entuasiastar også fram gamle båtmotarar og startar dei opp, veteranbilinteresserte viser fram sine doningar, det blir utstilling av maritime gjenstandar og farkostar, open volleyballbane, loppemarknad, rakettløyper for dei små, utlodning og også høve til å gjere seg kjent med Averøy UK Sjøsports aktivitetstilbod på Rangøya – og kanskje melde seg inn? Og om vi er heldige, til og med lære seg litt kampsport? Og dagen blir avslutta med nattkino: no får vi sjå heile filmen «My Favorite War» som Ilze Burkovska Jacobsen ved sist kulturhelga viste som «work in progress».
Frå oppdrettshistorie og litteraturprogram til kinokveld
På Løa vil laurdagen byrje med eit rikhaldig føredragsprogram: vi møter både kystens fugle- og fiskeliv og lokal fiskeri- og oppdrettshistorie med Ole Ragnar Gjøra, John Harry Kvalshaug, Aud Skrudland, Terje Henden og fleire. Utpå ettermiddagen tek poesien og musikken over i programmet «Bølgånj så bær», med lesing, musikk, dikt, forteljingar og samtale med poet, historieforteljar og folkemusikkentusiast Veronika Kivisilla og multikunstnar Asko Künnap og forfattaren Maarja-Liis Mölder, alle tre frå Estland, saman med moldeforfattaren og matematikaren Klara Hveberg, og poeten og musikaren Simen Kjærsdalen frå Bergen, alle under leiing av poet og lokalt alibi Øyvind Rangøy. Og til slutt vil det blir kinoprogram, der Syver Flem presenterer to av sine filmar, den eksistensielle kunstfilmen «Ferdamann» og kortfilmen «Brenn» med averøyingar i rollene, før Leiv Igor Devolds spelefilm «Norwegian Dream» får ta oss med inn i natta.
Luttkomposisjon og tradisjonsmat
Søndag føremiddag vil det bli mogleg å få med få med seg «Tristans harpe», en suite i 35 satser for luttstemt gitar, med opplesninger fra middelaldereposet «Tristan og Isolde», framført av komponisten og luttisten Simen Kjærsdalen, før vi går ut på kaia og høyrer Øyvind Rangøy lese dikt frå sjarktaket i Sjark og poesi. Deretter får vi innrykk av veteranbilar: i tillegg til dei som er fast utstilte under helga sørger Willy Bergsnes for Cars & Coffee hos seg (nær Sjøsportkaia) Søndag blir det også servert norsk og internasjonal – ikkje minst ukrainsk – tradisjonsmat laga med kjærleik av folket som bur her, og utpå ettermiddagen rundar vi av kulturhelga med trekning av lotterigevinstar, avtakking av bidragsytarar og premiering av vinnarar.
Velkommen!