Meldingane om Min indre skjergard byrja å nå meg på slutten av 70-talet i førre tusenår: øyar med sine innvikla kystlinjer og sin natur, sitt dyre- og mineralrike, kanskje skapt i mitt medvit, kanskje i vårt kollektive medvit, dei viste seg i draumar, blanda seg med tremønstret på skapdøra, den avskalande målinga og solflekkane sine felleserklæringar på skurveggen, i muggsoppens sigersgang.
På 80-talet, under dei mest meiningslause timane på grunnskulen, byrja handa mi nesten heilt av seg sjølv å teikne elvedelta, arkitektur og teiknsystem frå Min indre skjergard. Prikkane voks til byar med gatenett og i ei bukt som knapt var breiare enn ei einaste rute i mattekladdeboka fanst eit heilt assorti av tapte sivilisasjonar.
Då eg studerte ved Statens kunstakademi i Oslo gav eg ved hjelp av kopimaskin ut diktsamlinga «Alfol» som mellom anna inneheld teksten «Utrøst» inspirert av norsk folkeminne, ein song om ei løyndomsfull undersjøisk øy der stormane får kronblada frå epleblomane til å stige opp til overflata. Sjølvsagt planta Utrøst seg også som ein del av Min indre skjergard.
I byrjinga av dette århundret, under høgare studium av varierande intensitet, oppstod den ærgjerrige planen å kartleggje Min indre skjergard. Det er berre å tilstå: det arbeidet pågår framleis. Som eit biprodukt av denne kartografien har det i perioden 2012 – 2023 oppstått ei rekke teikningar av landskap og arkitektur på øyane.
Nokre av bileta har det vore nødvendig å teikne fleire gonger, for det er ikkje alltid så enkelt å samle heile biletet i same univers eller drøymesjikt. Ei rekke på 16 bilete har det likevel gått i orden å samle her ved dette punktet i tid og rom og forme til ei utstilling.
Min indre skjergard Grafikk 2012–2023 Eit håplaust amøbeaktig forsøk på å skape ei oversikt over den grenselause skjergarden inne i meg sjølv. Blyant-, akvarellblyant- og penselteikningar, digital blyant, teikningskollasjar, overteikna digitale trykk. Delar bileta er tidlegare publisert i bøkene Kulelynet bankar når det kjem (estisk Näo Kirik 2019 og finsk , Enostone 2020).
Asko Künnap, våren 2023
Om kunstnaren
Asko Künnap (f. 1971)
Utdanning. Har studert ved Estlands kunstakademi og Statens kunstakademi i Oslo, mastergrad i industri- og miljødesign.
Arbeidserfaring. Har arbeidd som frilansillustratør og -designer, kreativ leiar i reklamebyråa ZOOM Ogilvy og Rakett.
Poesi. Har gitt ut åtte diktsamlingar, tre av desse er også utgitt i Finland. Dikta hans er omsett til engelsk, tysk, fransk, italiensk, ungarsk, russisk, slovensk, serbisk, rumensk, arabisk, nederlandsk, norsk, svensk og finsk.
Bøker. Har designa og illustrert bøker for forlag i Estland, Finland, Sverige og Noreg. Under varemerket Näo Kirik (The Face Church) har han vore forleggjar og formgivar for ei heil hylle full av estisk poesi.
Brettspel. Har tenkt ut, teikna og gitt ut ei rekke brettspel. Spelet Farlander vart i 2005 i Finland og 2006 i Sverige nominert til årets spel, Ussisõnad var i tre år på rad det bestseljande brettspelet i Estland.
Teikneseriar Har publisert teikneseriar i avisene Eesti Ekspress og Sirp og vinbladet Vine. Teiknar og skriv teikneseriane Romrottene for barnebladet Täheke. Rottene har nyleg også kome ut mellom to permar, i boka Rottenroll.
Separatutstillingar. Mot mørkret, Tartu og Tallinn 1998; Til forsvar for samantreff, Tallinn og Pärnu 1999; Dei beste hittil, Riia 2000; Testing av ord og bodskapar, Visby 2005 og Helsingfors 2006; Dine netter er talde, Tallinn og Tartu 2008; Eg har gått lei av meg sjølv, Tallinn 2018 og Tartu 2019, My Kingdom, Visby 2022.
Anerkjenning. Den estiske kulturkapitalens årspris 2003, det estiske nasjonalkulturfondets debutantpris 2003, litteraturtidsskriftet Loomings årspris 2016. Ein vegg full av diplomar for Estlands Vakraste Bok, Marknadsføringsbragden (EFFIE) og reklamekonkurransen Gullegget.